Oppsummering av 2016: Flytting, facebook og nytt familiemedlem

Nå er 2017 godt i gang og me i Malawifriends vil med dette blogginnlegget komme med ein oppdatering på kva som har hendt i organisasjonen i 2016 og sjølvsagt ynskje dykk alle eit godt nytt år.

I slutten av 2015 fekk me ei fantastisk pengegåve av attføringsbedrifta IFokus. Det kan dykk lese meir om her. Då me fekk denne gåva var utgangspunktet at pengane skulle brukas til eit nytt skuleprosjekt i Chikwawe, Malawi. Men 2016 blei et hendelsesrikt år på mange måtar og planane blei endra.

I påska fekk eg eit brev frå våre venner i Malawi. I brevet fortel dei om komplikasjonar med jordeigarar som førte til at det ikkje var trygt for innbyggjarane å bli buande i Chikwawe lengere. Dei var rett og slett truga på livet. Derfor blei det tatt besluttning om å flytte, for å sikre både vaksne og born. Det var veldig spesielt å få denna nyheten og det vekte mange følelsar hos meg. Det mindte meg på at dei lever i ein fuldstendig anna verd enn kva me gjer og at deira sikkerhet aldrig er ei sjølvfølge. Dei har nå flytta til ein anna landsby, nokre km vekk frå Chikwawe. Den nye landsbyen ligg veldig nerme ein skule, som gjer at skuleborna har betre mauglegheitar her. Det fører dermed også til at Malawifriends’ skuleprosjekt ikkje er like aktuelt akkurat på nåverande tidspunkt. Men å flytte ein heil landsbybefolkning byr også på utfordringar. Ein av utfordringane var dei ”husa” eller ”hyttene” som dei bur i. Dei trengte ein ordentleg renovering for å gjere dei bebuelege og sikre. Derfor heve me i Malawifriends valgt å bruke organisasjonens pengar på takplater for å sikre ”hyttene” mot uvær og sement for å opgradere bygningane både innvendig og utvendig. Dette veit me at dei heve hatt bruk for og me veit også at de er utruleg takknemmelege for at me har hjulpe dei i denne vanskelege situasjonen.

Hus 3

Hus 2

Hus 4

Hus 5

Facebook er verdas største sosiale medie. I juli i 2016 var 12 % av Afrikas befolkning en del av det. Men Facebook utvider konstant og fleire og fleire menneske verda over oppretter facebookbrukerar kvar einaste dag. I september fekk ein av landsbyinnbyggjarane, Matias, facebook. Det var sjølvsagt ei heilt ny verd for han å oppleve at kommunikasjonen til Norge kunne skje så fort, i forhold til å sende brev som tek fleire månadar å nå fram. For oss har det kun vore ein positiv ting at me kan kommunisere med våre afrikanske venner på facebook. Dei er flinke til å legge ut bilder av prosjekta me har satt i gong, og det gjer at me med det samme kan sjå kva pengane blir brukt på. Det er veldig spennande å sjå korleis sosiale medier utviklar seg i ein rasande fart i alle verdas krikar og krokar.

Dag nummer to i 2017 fekk me ein heilt fantastisk nyhet! Også over facebook. Matias og kona hans Grace hadde fått ei datter med navn Nora. Det varmar sjølvsagt vore hjarta med eit nytt medlem i Malawifriendsfamilien. Me ynskjer den lille jenta alt godt i livet!

Planen for det nye året er å hjelpe innbyggjarane med det dei treng og draumer om i den nye landsbyen de har flytta til. Også draumer me om å planlegge ein ny tur til Malawi så snart som maugleg. Me vil også benytte mauglegheiten til å sei tusen takk for alle donasjonar i 2016, frå privatpersonar, bedriftar og organisasjonar og me håpar at dykk vil fylgje Malawifriends’ arbeid inn i det nye året.